Ønskjer fleire inn i barnehagen

This content has been archived. It may no longer be relevant


– Bjørn. Eg likar deg.

Slik kan det låte ein sein ettermiddag i barnehagen når ein gut på tre og eit halvt år ønskjer å manifestere sitt vennskap til ein nokre år eldre kamerat i barnehagelærar-praksis. Og slike augeblikk vil Bjørn Iversen og Tore Hetland i Mannlige Barnehagelærerstudenters Forening (MBSF) at fleire menn skal få ta del i.

Nyoppretta foreining

Andreårsstudentane Hetland og Iversen er høvesvis leiar og nestleiar i den nyleg oppretta foreininga. Dei meiner deira initiativ trengst.

– Me gjekk første året og såg at det kanskje var eit behov, seier Hetland. Mellom anna vil ein vere med å ta hand om barnehagelærarstudentane sine faglege og sosiale interesser, men også i høgste grad løfte fram barnehagen som eit godt yrkesval for menn, og ikkje berre kvinner.

Statistikken viser nemleg at berre i overkant av ti prosent av dei tilsette i norske barnehagar er menn, mens studieinntaket dei siste åra har vist ei viss betring med vel tjue prosent menn. Sjølv om studieinntaket viser prov på at også menn kan velje å bli barnehagelærarar, så er eit meir aktuelt dilemma fråfallet ein ser blant mange menn som har starta på barnehagelærarutdanninga.

Lytt til første del av intervjuet her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/08/MBSF-del-1.mp3]

Fråfall

– Under det første året er det veldig mange som fell ifrå, og som ikkje begynner på det andre året. Nokre av dei sluttar etter vi har vore i første praksisperiode, og det er jo for så vidt heilt ok, for det er folk som finn ut at det ikkje er noko for dei. Men det er veldig mange som sluttar av andre årsaker, som gjerne er sosiale og at dei ikkje finn seg ein … plass, seier Iversen.

– … ein mann! skyt Hetland inn.

Så enten om ein ikkje finn seg ein plass eller ein mann, så er realiteten den at fråfallet er høgt. I eit så kvinnedominert yrke kan det då bli harde bod for minoritetsmennene som har færre å slå seg saman med. Nestleiar Iversen seier at han har møtt nokre heva augebryn då han har fortald kompisar kva yrkesretning han har valt å satse på, utan at han har snudd seg tilbake og angra av den grunn. Hetland på si side har sett lite til dei heva augebryna.

– Det har vore meir sånn: “Skal du bli barnehagelærar? Så gøy! Det trengst det!”.

Bjørn og Tore frå MBSF var entusiastiske i studio hjå Studentmorgen. (Foto: Erlend Kristiansen)
Bjørn og Tore frå MBSF var entusiastiske i studio hjå Studentmorgen. (Foto: Erlend Kristiansen)

Balanse for barnas skuld

Sjølv om det kan vere bra for både mannlege og kvinnelege tilsette og det kollegiale miljøet at begge kjønn er bra representert, så peikar Iversen på at det også er sentralt for ungane.

– Balansen er jo viktig for barna sin del, synast eg i alle fall. Det er viktig at dei får impulsar både frå mannlege og kvinnelege pedagogar og assistentar. Gjennom praksis i barnehage har dei begge fått føle på både leik og ansvar, og kva rolle og inntrykk dei kan gjere på ungane.

– Der ser me jo kor mykje merksemd me får og kor mykje du ser barn også treng eit mannleg forbilde i barnehagen. Og eg trur nok det er det som er grunnen til at vi går barnehagelærar, for å kunne gjøre det meir då. Eg trur verkeleg at barn har eit stort behov for det, seier Hetland.

Bæsjebleier?

Det sentrale momentet for både MBSF og myndigheiter er at ein vil utdanne – og behalde – fleire menn i barnehagen. Sjølv om ein ikkje skal ha forhåpningar om full likestilling, så ser ein positivt på alle prosentdelar som dreg i mennene sitt favør. Men korleis er det eigentleg med likestillinga internt i barnehagen? Avslutningsvis ville vi høyre korleis mennene i studio stilte seg til noko så barnehage-relevant som bæsjebleier. Er det ein jobb reservert dei kvinnelege tilsette, eller må også urutinerte, mannlege praksiselevar i elden på stellebordet?

Det finn du ut berre ved å lytte til andre del av intervjuet her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/08/MBSF-del-2.mp3]

Du finner mer informasjon om Mannlige Barnehagelærerstudenters Forening (MBSF) på Facebook og Instagram.

Anbefalte artikler