Woodstock – festivalen over alle festivalar

This content has been archived. It may no longer be relevant

Sommaren nærmar seg og det er tid for festival. Endelause køer, brett på brett med varm øl, nakenbryting i gjørmebad, elendige og fantastiske konserter er blant anna noko vi forbinder med dei store musikkfestivalane. Tusenvis av nordmenn besøker kvar sommar festivalar som Hove, Roskilde, Wacken Open Air og Glastonbury. Vi går aldri lei! Men kvifor er dette skitne og slitsomme festivallivet så populært? Er det musikken eller festen som er det viktigaste?

For hippiekulturen var Woodstockfestivalen det aller største høgdepunktet. Festivalen, som skulle sette punktum for ein kultur som moderniserte heile den vestlege verden på berre nokre få år, vart arrangert i 1969 med legendariske artister som Jimi Hendrix, The Who og Joe Cocker. Over 500 000 mennesker samla seg under mottoet “Three Days of Peace, Music and Love” og såg fantastiske konserter i flott sommervær. Eller gjorde dei det? Var festivalen ein så stor suksess som historia fortel oss? Er det sant dei seier om at Woodstock er festivalen over alle festivalar?

Use drugs, make love, not war

Vi kjenner alle til hippiekulturen. Ungdoms- og protestbevegelsen som vaks fram på midten av 1960-talet i USA. Politisk engasjerte “blomsterbarn” som protesterte mot det materialistiske samfunnet og dets forbruk. Vietnamkrigen og USA si rolle som “verdenspoliti” var heller ikkje populært blant blomsterbarna og heller ikkje dei tradisjonelle verdiane frå foreldregenerasjonen vart særleg verdsett.

Bevegelsen var også ein motkulturell grasrotbevegelse med alternative idear som vart utvikla gjennom hyppig bruk av LSD og marihuana. Psykedelisk midler vart inkorpert inn i nye kunstnariske uttrykk og spesielt rockemusikken fikk ein ny og interessant utvikling. Kor mykje psykedelisk inkorporasjon det var i musikken på denne tida kan ein enkelt å greitt berre spore gjennom songtitlar av psykedeliske rockeband som “L.S.D”, “The other side of this life” og “Purple Haze”. Det var ikkje berre i kunsten hippiane markerte seg, men også i ein seksuell revolusjon, der dei omfavna sex og nakeneheit som tidlegare vart sett på som tabuemner.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=N9oq_IskRIg&w=420&h=315]

Musikalen Hair (1979) tar for seg hippiebevegelsen i New York på slutten av 60-talet.

Mykje av det hippiebevegelsen representerte og symboliserte bidrog til ei sakte modernisering av det vestlege samfunnet og kulturen. Den motiverte og inspirerte andre bevegelser over heile vestlege verden, som til dømes new-wave og punkbevegelsen. Utan denne bevegelsen hadde ei modernisering av samfunnet etter all sannsynligheit tatt lengre tid og kanskje vi hadde hatt eit anna samfunn i dag. Kven veit?

Summer of 69

Året var 1969.  Hippiebevegelsen var på sitt “høgaste” stadiet. Det var tid for festival og tusenvis valfarta til den vetle byen Bethel i staten New York. Nokre år før møttes fire unge karer med fortid frå Wall Street gjennom ein felles draum: Lage den beste festivalen ever! Dei slutta i deira lukrative jobber og satsa alt dei hadde på å gjennomføre ein festival som skulle samle blomsterbarna og all den beste musikken USA og Storbritannia hadde å by på.

Arrangørane anslo at det ville komme rundt 200 000, men når det kom meir enn dobbelt så mange vart det fort nokre problem. Til slutt var det over 500 000 mennesker samla på ein liten jordåker utanfor denne vetle landsbyen nord for New York City. Dette medførte i store problem: Toalettproblem, køproblem, matproblem, vatnproblem, teltplassproblem, trafikkproblem, missfornøgde lokalbefolkningsproblem og generelle logistikkproblem. Saman med alle desse problema pluss sikkert fleire og, toppa det seg med tordenvær og tungt regnvær i store delar av festivalen. Det var altså ikkje berre “peace and love” under festivalen.

Musikalske høgdepunkt

Når ein fortel historia om korleis Woodstockfestivalen uttarta seg og ein baserer seg på dei utallige problema publikum og arrangørane fekk oppleve, vil ein forbigå det viktigaste med festivalen. Det er sjølvsagt musikken og alle dei fantastiske artistane som spelte på den heimesnikra trescena. Legender som Jimi Hendrix, The Who, Jefferson Airplane og Joe Cocker leverte ugløymelege konsertar som har blitt referert til av mange musikkritikarar som tidenes beste konsertar. Sistnemnte kan tenkast som den mest rusa artisten på heile festivalen. Med ein infernalsk amfetaminprega dansing og synging klarte likevel Cocker med sitt band å levere ein sinnsvak konsert, som inneholdt blant anna den geniale coverversjonen av klassikaren frå The Beatles “With a little help from my friend”.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=POaaw_x7gvQ&w=560&h=315]

Legg spesielt merke til fyren i bakgrunnen rundt 4:10.

Ein må også ikkje gløyme avslutninga på heile festivalen med Jimi Hendrix feedbacksolo av “Star Sprangled Banner” som skapte furore blant mange konservative og politisk korrekte amerikanerar.

Enden er alltid god?

Som alle trendar, bevegelsar og kulturar så har det alltid ein slutt. Om det varar lenge eller kort er varierande. Hippiebevegelsen levde ein forholdsvis kort periode, men det var i stor grad ei periode som satte sine preg. Det som vert rekna som den endelege slutten for bevegelsen var faktisk ein anna festival som kom i etterkant av Woodstock, nemleg Altamont festivalen i California berre eit halvt år seinare. Fleire personar vart drept og heile festivalen enda i ein stor skandale. Også den myteomspunne Charles Manson og hans “familie” sin drapsrekke og siktelsen i august 1969, bidrog til ein start på slutten av hippietida.

Tidleg på 1970-talet vart motstanden mot hippiebevegelsen større og ungdomsopprør vart slått hardare ned på. Spesielt skikkelsar som Ronald Reagan, som var guvernør i California fra 1967 til 1975, var ein sterk motstandar av hippiebevegelsen og svarte ofte demonstrantar med “Shut up hippie!”. Og då hippiestjerner som Janis Joplin, Jim Morrison og Jimi Hendrix døde kort tid mellom kvarandre var på mange måter æraen over. Trist, men sant.

Til ettertanke

Kva betyr da Woodstock og hippiebevegelsen for oss unge mennesker i dag? Vi ser nok først og fremst tilbake til året 1969 som eit begivenhetsrikt år med mykje god musikk og viktige ord som vart formidla. Eg sjølv kunne gjerne reist tilbake med ei tidsmaskin, kledd på meg slengbukse og batiqueskjorte og reist på Woodstock, men eg hadde nok tatt med meg støvlar og ei nistepakke.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=KfGyylmR-aI&w=420&h=315]

 

Woodstock er nok festivalen over alle festivalar, men er også eit prakteksempel på korleis ein ikkje skal avholde ein festival. Det er nok få festivalar i dag som kan samanlignast med Woodstock, i alle fall ut i frå det musikalske. Men for all del, det finst mange gode festivalar der ute og dei er mykje bedre organiserte enn det Woodstock var for 45 år sidan. For å svare på spørsmålet eg stilte innleiinga om det er musikken eller festen som er det viktigaste, kan ein svare med noko så kjedeleg som: dei er like viktige. For blomsterbarna under Woodstock var festen og musikken like viktig og det har ikkje endra seg noko særleg for festivaldeltakarar i dag. Ein kan faktisk seie at hippiekulturen lever vidare i ånden gjennom festivalane og det vil den nok leve i mange år til. Så for kome med eit svar til Ronald Reagan: “Shut up Ronnie!”.

Anbefalte artikler