‘The Joker’ er sikra fem kampar i Cage Warriors

This content has been archived. It may no longer be relevant

Hele intervjuet med Jack Hermansson kan du høre i denne ukas episode av MMA-Revyen, gjennom link til iTunes, link til RSS, eller som streaming nederst i artikkelen.

Jack Hermansson, med det klingande kallenamnet ‘The Joker’, seier til MMA-revyen at han er sikra 5 kampar i Cage Warriors etter 2 kampar i Bellator. Hermansson kan også bekrefte at hans første kamp tilbake på Cage Warriors rosteren blir på organisasjonens skandinaviske inntog, 22 mars, sammen med blant annet lagkamerat Mohsen Bahari og debutant Alexander Jacobsen. 

Les også: Hvem vinner kampen om Skandinavia?

Frå Bruce Lee til Wanderlei Silva

Det er som regel ikkje tilfeldigheiter som gjer at ein ender opp som profesjonell MMA-utøvar. For Jack sin del var det Bruce Lee som først og fremst fekk han interessert for kampsport, og Wanderlei Silva som var inngangsportalen til MMA.

– Eg har alltid vore kampsportsinteressert. Då eg kom over Bruce Lees filmer som liten vart eg fan med ein gong. Som barn brukte eg å kødde med min bror på soverommet, der vi dreiv med leikeslossing. Til slutt lukkast eg å starte med bryting, noko eg fortsatte med i 9-10 år.

Etter å ha sett på høgdepunktsvideoar av brasilianske MMA-legenda Wanderlei Silva sine kampar frå PRIDE på YouTube, vart Hermansson raskt interessert i MMA, og var klar for å prøve ut sporten.

– Eg var klar for noko nytt etter mange år med bryting, og då eg kom over Wanderlei Silva på YouTube så var det ferdig, då visste eg at det var MMA eg ville drive med.

Stor fan av sporten.

Ein skulle tru at å trene MMA to gongar om dagen kan gjere at ein blir metta på MMA. Men Hermansson sørgar for å likevel sjå samtlege UFC events når han har tid.

– Eg er stor fan av sporten, og så fort det kjem ein MMA-event, ser eg den så snart som mogleg.

På spørsmål om kva fighter i UFC han er mest fan av, er det i hovudsak dei med tittelbelte som appelerar. I tillegg til den svenske superstjerna Alexander Gustafsson, sjølvsagt.

– Er fan av alle dei som er champs i UFC. Er også stor fan av Gustafsson, sjølvsagt, han er heilt rå og det har han vore lenge. Eg har alltid visst at Gustafsson skulle kome longt.

Den økonomiske biten det vanskeligaste

Sjølv om Jack driv med MMA på eit profesjonelt nivå, er han avhengig av å jobbe ved sida av for å få endane til å møtes.

– Ja, eg må ha jobb ved sida av enn så lenge. Den økonomiske biten er absolutt det vanskeligaste med sporten. Hadde ein berre fått løyst den så kunne eg hoppa opp eit steg til.

The Joker, eit kallenamn som har bestått

Når ein møter Jack er det lett å forstå kvifor han har fått kallenamnet The Joker. Han smilar støtt.

– Når eg gjekk på vidaregåande skule, sa venner av meg at eg hadde det same smilet som the Joker-figuren i Batman. Og når eg skulle vege meg inn på eit stevne som gjekk i England, så var det nokre andre utøverar der som ropte “the joker, the joker, the joker” til meg, berre fordi eg går rundt og smiler.

Er sikra 5-fights i Cage Warriors

Kontrakta Jack Hermansson nyleg signerte med Cage Warriors er på 5-år.

– Det er ein 5-fights kontrakt, der eg kjem til å gå fem fights.

Foreløpig er det ikkje heilt avklart kven Jack skal møte i Cage Warriors. Men om han får velge ein ønskemotstandar under Cage Warriors banneret, er den tidlegare UFC-fighteren ,Che Mills, førstevalget.

– Dei har spurt meg om ein motstander, men det er ikkje heilt 100% endå. Når det kjem til draumemotstandar i Cage Warriors er tidlegare UFC-utøvarar sjølvsagt aktuelle, som Che Mills. Dette fordi dei har eit namn innan sporten.

Sist gong Jack var i Cage Warriors var i 2011. Ifølgje Jack har mykje endra seg med organisasjonen sidan den gong.

– Det er samme folka som driv organisasjonen, men dei har blitt frykteleg mykje større. Cage Warriors veks som berre det og ekspanderar seg utover heile verda med mange fleire events kvart år. Så Cage Warriors er utruleg stort no.

Fleire nordmenn i Cage Warriors

Jack Hermansson spår at det vil kome fleire nordmenn til Cage Warriors framover.

– Eg trur det kjem til å dukke opp fleire nordmenn i Cage Warriors ganske straks, ettersom dei har eit bra fokus på Noreg.

Å fighte i Bellator innebar mykje reising

For ein fighter stasjonert i Europa er det ikkje ei enkel sak å gå kamp i USA. Mykje reising, planlegging, jet-lag og stress er berre noko som er med å påvirke kampklimaet rundt.

– Det som var med Bellator var at ein måtte reise veldig veldig longt. Noko som gjor at ein endte veldig longt utanfor miljøet sitt. Det var ikkje alltid lett å få ting bekvemt rundt seg. Ein måtte med andre ord vere tilpasningsdyktig og klare å fokusere på kampen. Eg har aldri reist så langt før, så det å reise til USA var ei stor omstilling, og ei erfaring eg kjem til å ta med vidare.

Treningscamp i utlandet er eit spørsmål om økonomi

På Frontline Academy i Oslo har Jack trent med blant anna tidlegare UFC-fighter Simeon Thoresen ei stund. Desse trenar framleis i lag, og vil fortsette å gjere det.

– Alle mine tidlegare treningspartnerar blir berre flinkare og flinkare. Vi har ein stabil og bra gjeng som eg kjem til å trene med vidare. Så får ein sjå om eg bevegar meg litt ut og trenar andre stadar også. Å trene i utlandet er alltid aktuelt, men igjen så er dette eit spørsmål om økonomi. Hadde eg hatt råd hadde eg reist mange gongar. Ein gjer det ein må!

Siste podcaster

    Anbefalte artikler