Spelelista veke 3

This content has been archived. It may no longer be relevant

1. VEKAS LÅT: SILVERSUN PICUPS – CANNIBAL

LA-rockarane i Silversun Pickups er tilbake, og har i år bestemt seg for å gi ut eit slags best-of-album under tittelen «The Singles Collection». Albumet inneheld 10 tidlegare utgjevne låtar, i tillegg til den flunkande nye låta «Cannibal» som er vekas låt her på Trigger Bergen.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/119718648″ params=”color=ff6600&auto_play=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

2. VEKAS ALBUM: STEPHEN MALKMUS & THE JICKS – WIG OUT AT JAGBAGS – CHARTJUNK

Stephen Malkmus & The Jicks er ute med sitt sjette album etter oppløysinga av 90-talsbandet Pavement. Hvis du er ein kjennar av Malkmus sitt tidlegare arbeid, så veit du omtrent kva du får. Med «Wig Out at Jagbags» byr Malkmus på få overraskingar, men fortsett i det same sporet som vi er vant med. Utan at det på noko som helst vis er trettande av den grunn.

3. LOVELOVELOVE – CRYSTALS

«LOVELOVELOVE» blei til tidleg i 2012 som eit solo sideprosjekt av frontfigur i Aristillus, Simon Dolmen Bergseth. Etter kort tid utvikla det seg til eit hovudprosjekt, og bandet fekk fleire medlemmer. Crystals er ei herleg drøymande låt som vil gi deg kjensla av å sveve, og om det skulle falle i smak ventar det fleire godbitar når debut-albumet kjem. Vi i Trigger elskerelskerelsker den. Kaleidoscope blir sleppt 24. Januar.

4. ST. VINCENT – DIGITAL WITNESS

Annie Erin Clark, også kjent som St. Vincent, er ein multiinstrumentalist som tidlegare var ein del av Sufjan Stevens turneband. I 2007 gav ho deretter ut sitt første soloalbum, «St. Vincent and Marry Me». Sidan den tid har ho gitt ut to nye studioalbum og er no klar med sitt fjerde, det sjølvtittelerte St. Vincent. I desember kom den første singelen frå albumet, «Birth in Reverse», og vi presenterer her den andre – «Digital Witness».

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/128164610″ params=”color=ff6600&auto_play=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

5. CHROMEO – COME ALIVE

Mange kjenner kanskje til Chroemo frå utdaterte videospel som Fifa 11 og Dirt 3, og i lang tid har vi ikkje høyrd så mykje til duoen frå Seattle. Så i haust fekk vi singelen «Over Your Shoulder», som var umogleg å høyre på utan å nikke med i takt med musikken. No har vi igjen fått servert ei ny låt, og den er akkurat like funky og cheesy som vi er vant til frå Chromeo. Og som med «Over Your Shoulder», bør også denne nytast i mindre doser for å unngå fullstendig overbelastning av nakkemuskulaturen.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/127730294″ params=”color=ff6600&auto_play=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

6. MANSIONAIR – HOLD ME DOWN

Denne veka er det duoen Lachlan Bostock og Alex Nichollsdet i det flunkande nye bandet Mansionair, som leverer den chillaste låta på spelelista. Den passar godt som bakgrunnsmusikk til kalde januarkveldar der du nyter ein kopp lunka kaffe, medan du tittar ut av vindauget ditt og drøymar om varmare tider. Sjølv om den utvilsomt fortener di fulle merksemd.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/125386766″ params=”color=ff6600&auto_play=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

7. CEO –WONDERLAND

CEO er svenske Eric Berglund, kjend frå elektronikaduoen The Tough Alliance sitt soloprosjekt. Sterkt inspirert av artistar som Phoenix og Depeche Mode, gav han i 2010 ut debutalbumet «White Magic». I Februar kjem oppføljaralbumet «Wonderland», og ein forsmak på det kan du høyre ved tittelsporet her.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/124460696″ params=”color=ff6600&auto_play=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

8. TACOCAT – BRIDGE TO HAWAII

Tacocat består av dei fire bestevenene Bree, Eric, Lelah og Emily. Denne gjengen sprer om seg med god stemning. Dei lagar energisk og støyande power-pop, som varmar sjølv den kaldaste kropp på frostige vinterdagar, noko dei sikkert har bruk for sjølv der dei herjer rundt i regnfulle Seattle. Vekas fun fact: Bandnamnet Tacocat er eit palindrom, og er det same både om det lesast framlengs og baklengs.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/104331338″ params=”color=ff6600&auto_play=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

Vekas speleliste kan du høyre på Spotify:

Anbefalte artikler