– Ekstremt lite imponerande

This content has been archived. It may no longer be relevant

–  Her har dei snakka i det vide og det breie om at dei skal satse på kunnskapssamfunnet, og Venstre t.d. har spesifikt gått til val på utdanning. Vil vi ha eit kunnskapssamfunn, så må vi prioritere studentane. Det har ikkje regjeringa gjort.

Fredag vart det nemleg klart at regjeringa ikkje går inn for 11. månadar studiestønad. I staden aukar dei månadsutbetalinga med 345 kr. Anna Gjertsen trur ikkje at det vil ha noko effekt.

– Saka er at vi kjem til å vere like fattige neste år. Det er framleis ingen av studentane som kan slutte i deltidsjobben sin.

Møtte Hareide

Førre sundag deltok Gjertsen og andre studentpolitikarar på eit hastemøte i Oslo, for å gjere eit siste forsøk på å påverke politikarane i budsjettforhandlingane. Der var også Knut Arild Hareide frå KRF og Iselin Nybø frå Venstre.
– Dei var tydeleg på at dei støtta oss i dette, men dei kunne ikkje love nokon ting. Det forventa vi ikkje heller, men vi forventa at dei kunne gjere meir enn det dei har lagt fram i alle fall, seier Gjertsen.

Andre Almås Kristiansen, nestleiar i NSO er einig.
– Vi hadde forventa at dei hadde fylgt opp Stoltenberg-regjeringa sitt forslag, ettersom dei blå i åtte år ha kome med skarp kritikk mot deira handtering av studiestønaden. Dei påpeikte sjølv at studiestønaden hadde ei alt for dårleg utvikling. Den justeringa den blå regjeringa no har gått inn for, vil ikkje hjelpe studentane i stor grad.

1 av 3 studentar bekymra for økonomien

I ei ny undersøking utførd av Sentio, kjem det fram at 1 av 3 studentar er svært bekymra for sin eigen økonomi. Er du overraska over dette, Almås Kristiansen?

–  Det er eg i utgangspunktet ikkje. Vi har lenge, også i levekårsundersøkinga til SSB frå i fjor, sett at økonomien tyngjer tungt på studentane for tida.  1 av 3 seier at dei i stor eller svært stor grad er bekymra for sin økonomiske situasjon. Vi prøvar å påpeike til politikarane at dette går ut over livskvaliteten og evna til å prestere i studiekvardagen.

Når ein student seier at han/ho er bekymra for sin eigen økonomi – kva for bekymringar er det snakk om?

–  Det handlar om å betale laupande utgifter. Bustadprisane aukar, og vi ser at dette har eit tempo som overgår utviklinga i studiestønaden. Studentane må difor jobbe meir for å klare seg. Dette tek tankar og krefter frå studentane, når dei eigentleg treng å fokusere for fullt på studiane.

Både Almås Kristiansen og Gjertsen trur det vil ta lang ting før heiltidsstudenten kan gjenreisast, men syns det er bra at studiekvaliteten og studiestønaden er blitt ein offentleg debatt.

–  Vi må fortsetje å vere tydelege for politikarane. NSO gjer ein veldig god jobb sentralt, men no må vi gjere det vi kan lokalt og regionalt og fortsetje å presse. Det er eit fleirtal for dette i Stortinget, så kvifor 11. månadar studiestønad ikkje har blitt innført, er eit mysterium i seg sjølv, avsluttar Gjertsen.

Anbefalte artikler