Spreiar Nynorsk i Bergen

This content has been archived. It may no longer be relevant

I år er det også 200 år sidan nynorskens far vart fødd. I denne samanheng fekk vi intervjue Fredrik Hope, som møtte opp i ei gul t-skjorte der det stod ” EG <3 Nynorsk”.

Vil snu det negative inntrykket

– Studentmållaget i Bergen er eit lokallag i norsk målungdom og vi jobbar for nynorsk, dialektar, samisk og språkleg mangfald generelt sett, seier Hope.

Han seier også at det er dårlege haldningar til nynorsk, og dei vil jobbe med å snu det negative inntrykket folk har fått gjennom sidemålsundervisninga på skulen. Han innrømmer også at det er sosiale samankomstar der dei går på teater, og har pizzakveldar saman.

 

Nynorsk blant studentar

Hope er glad for at både universitetet her i Bergen, og høgskulen brukar nynorsk, men han meiner og at det er viktig for dei som brukar nynorsk frå før av ikkje blir pressa til å bruke bokmål.

– Viss ein ikkje får eksamensoppgåva si på nynorsk er det berre å gi beskjed til studentmållaget slik at vi kan lage bråk, ler Hope.

Høyr heile intervjuet med leiaren i studentmållaget i Bergen her:

Intervju med Fredrik Hope

Nynorsk vs. Bokmål

Han seier at det er ein del som har bytta hovudmål, der dei som hadde nynorsk som hovudmål byta over til bokmål frå ungdomsskulen til vidaregåande, spesielt i området rundt Bergen, Stavanger eller på austlandet.

– VG og Dagbladet har forbod mot nynorsk i redaksjonane, det er jo eit litt 30-tals opplegg, opplys Hope.

Det er ikkje berre negative ting med utviklinga til nynorsken. TV-kanalen NRK Super har fått opp nynorskandelen sin slik at born kan lære nynorsk gjennom borne-TV.

Hope oppfordrar folk til å engasjere seg i nynorsken, og ikkje minst melde seg inn i målungdomen.

 

(Foto: Aleksander Nygård Tonheim)

Anbefalte artikler