film: hannah arendt

This content has been archived. It may no longer be relevant

Hannah Arendt er tysk, jøde, kvinne, filosof, filosofiprofessor og hustru. Men først og fremst og viktigst av alt, Hannah Arendt er menneske. Det er dette faktum samt den moderne filosofens liv i tida kring publiseringa av ein artikkelserie ho skreiv for The New Yorker på femtitallet som utgjer mykje av problemet i denne særs gode filmen.

Israel er eit nyopretta land som slåst for respekt i det internasjonale samfunnet og er på stadig leiting etter Nazi-forbrytarar. Ein av desse, Adolf Eichmann, har blitt bortført av sikkerheitstenesta og bragt til Jerusalem der han skal stå til rette for forbrytelsar mot det jødiske folk. I New York fattar den anerkjende professoren og filosofen Hannah Arendt interesse for saka, og tilbyr den høgtståande publikasjonen The New Yorker å dekke rettsaka gjennom ein serie artiklar for bladet. Snart er ho på veg til Jerusalem, og ei turbulent og vanskeleg framtid.

Problemet i alt dette, er at det jødiske samfunnet, og etterkvart resten av samfunnet, blir forbanna på Arendt fordi ho insisterer på ein uavhengig vinkel på saka. Ho dømmer ikkje Eichmann slik det blei venta at ho skulle. Ho gjev det vi kan kalle ein objektiv vinkel på det heile, for ho føler ikkje noko spesiell tilhørigheit til jødane som gruppe. Arendt ynskjer å belyse kvifor Eichmann gjorde alle desse grusomheitene han er anklaga for, kvifor han har oppgjeve sin moral og sine innvendingar i Førerens teneste.

Det er underleg kor likt prosessen kring Hannah Arendts artikkelserie utviklar seg i forhold til liknande i dag. Folk les ikkje originalen, dei litar på at andre skal lese den, tolke den og so fortelje dei kva dei skal meine om det heile. Nett dette hender kring Arendt. Gode vener og støttespelarar fell ifrå og galskapen veks som ein snøball i skibakken.

Hannah Arendt er ein spanande film. Ein som vekker tankeprosessane og gjev deg ein liten dytt i baken i jakta på sanning og dei rette spørsmåla. I ei verd som er så prega av dobbelmoral, hyklarar og vondskap som vår i desse dagar, er dette prosessar som må foregå i det opplyste menneskets hovud. Vi blir også minna på at ein ikkje skal ta synsarar på ordet, eller ta tolkingar for fakta. Ein må leite sjølv etter sanninga og ikkje minst ha grunnlag til å forstå det.

Det kan kanskje verke som at dette er ein tung film, det er den ikkje. Den er verken ei avhandling eller ein klassisk sokalla krigsfilm der alt handlar om jakta på nazistar. Den delen av historia er berre ein prosesstartar, eit springbrett og bakgrunn for plotet. Dette er ein film om mennesket, og ein særs god ein.

Hovudrolla er spelt av Barbara Sukow(M. Butterfly, Vision) som gjer ei utruleg bra tolking av protagonisten. Ho er levande og realistisk med overbevisande spel og god skjermkjemi med dei andre skodespelarane. Janet McTeer(Tumbleweeds, Albert Nobbs) gjev ein minneverdig innsats som Hanna Arendts veninne, den radikale forfattaren Mary McCarthy.

Dette er ein god film for ein måndagskveld. Den kan gjerne delast med andre for fin diskusjon over eit glas vin etterpå, eller nytast for godt filmarbeid. Nokre av dei små rollene er av det noko mindre spennande slaget, men hovudlinja utfører slik ein formidabel innsats at det veg opp for dette.

Kinosyndromet er eit filmprogram som her på studentradioens bølger surfer gjennom den delen av livet som oftast trekkast fram i kleine datingnettsidebioar. Få med deg det siste frå film- og tv-verda kvar torsdag kl 11:00 til 12:00.

Anbefalte artikler