Landslagsuttaket til VM i MMA fullført

This content has been archived. It may no longer be relevant

Sjølve landslagsopptaket, under leiing av landslagssjef Jakob Løvstad, skjedde laurdag 31. august, på Frontline Academy sine lokaler i Oslo. Her samla det seg 48 motiverte og håpefulle utøverar som kjempa for å representere Noreg på den internasjonale MMA-scena, som inkluderar VM i amatør-MMA i Las Vegas juli neste år. Dette var både mannlege og kvinnlege utøvarar frå dei fleste vektklassar.

MMA-Revyen var på plass på Frontline denne laurdagen for å snakke med landslagssjefen sjølv,  og ein handfull etterkvart godt utkjørte kandidatar. Landslagssjef Jakob Løvstad har ein tøff jobb med å vurdere kandidatane, og med vektinga av sparring og teknikker.

Denne reportasjen var å høyre i ukas sending av MMA-Revyen. Følg podcast i iTunes, eller høyr som stream nederst i artikkelen.

Ole Brumm-inspirert uttak

– Det er litt Ole Brumm, ja takk begge deler! Vi varmer opp, deretter har vi mange teknikkar vi skal sjå. Denne delen er litt åpen, der eg for eksempel sei at vi vil sjå ein double-leg eller eit kast frå klinsj og nokre kombinasjonar, men dei må løyse oppgåva sjølv. Det er ikkje min jobb i dag å instruere dei, men sjå korleis dei løyser det sjølv. Seinare er det sparring, og då ser vi på sparring i alle ledd, med klinsjsparring, bryting, bakkekamp og ståande sparring. Til sist setter vi alt saman og køyrer MMA-sparring også, så på det punktet i dagen er dei ganske slitne.

– Til slutt har vi eit fysisk punkt, som er laga for å sjå an vilja på kvar utøvar. Det går ikkje an å vinne i denne delen av tryoutsen, ler Løvstad.

Artikkelen fortsetter under biletet

Itekst-brei-IMAG0503Utøverane drillar teknikker, uten innspel fra trenarane, for å få eit mål på det tekniske ferdighetsnivået (alle foto: Sverre Humberset Hagen.

Utøvarar frå store delar av landet representert

iteskt-profil-uten-yoga-martinmoen

Ein av desse kandidatane var Martin Moen (biletet til høgre) , brunbelte i BJJ og ein av trenarane på Frontline i Oslo.

– Eg går i 84-kilos-klassa og har holdt på med brasiliansk jiu jitsu i seks år, og har eit brunt belte under Eduardo Teta Rios her på Frontline Academy. Eg har holdt på med MMA i eit par år og har gått ein shoot-fighting-kamp, så har eg vore tilbake på jiu jitsuen og skifta litt mål. Deilig å få nye utfordringar.

Moen meinar det ikkje har vore nødvendig med mange forberedelser i forkant av uttaket.

– Eg har hatt vanleg trening med meir fokus på MMA enn på grappling. Elles er eg vand med nervar fra konkurransar, så det blir ikkje så stor forskjell. Det har ikkje vore så hardt hittil, men sparringen startar vel no, så då blir det hardt.

Kampsportsbase frå boksing

Ivan Hansen starta med boksing før han tok fatt på MMA.

– Eg har drevet tre-fire år med boksing, og så gikk eg over til MMA for to år sida for å få litt meir allsidigheit.

Hansen beskriver dagen så langt som svært god, både spanande og utfordrande, og ser mange dyktige konkurrentar i rommet. Nivået er som forventa.

– Ikkje noko høgare nivå enn eg såg for meg og ikkje noko lavere, seier Hansen, og kjenner ikkje særleg til presset for å prestere.

– Eg stillar på lik linje med alle andre. Eg har vel verken større eller mindre sjansar.

– Fantastisk og heilt jævlig samtidig

Slik beskriv ein utmatta Nils Henrik Tjikkom (biletet under), som allereie har nokre amatørkampar under beltet, uttaksdagen. Tjikkom er ein av utøverane med fleire amatørkampar under beltet.itekst-profil-tjikkom

– Eg har gått nokre kampar i lettvekt tidligare, men nå har eg kutta ned til fjærvekt. Dei andre var nokre hovud høgare enn meg i lettvekt, så det gav meining å kutte.

Fjørvektsutøveren Tjikkom har trent MMA i to
års tid, har gått to amatørkampar i Danmark, i tillegg til nokre merkekampar her i Noreg. Dagen så langt har vore givande og utfordrande. Han er, i likhet med mange andre, imponert over nivået.

– Det har vore mykje sparring, har vore ekstremt tungt og har vore morsomt.

– Det er veldig bra nivå på amatør-MMA i Noreg, noko mange har peikt på, som dei fleste meiner er eit resultat på manglande profesjonelle organisasjonar i Noreg. Det er absolutt eit ganske høgt nivå, der mange utøvarar kunne passert som proff i utlandet.

Når MMA-Revyen snakkar med Tjikkom er han ferdig med sin innsats på uttaket.

– Eg er nydusja og nettopp kome heimefrå for å vise passet mitt. Nå skal eg heim og berre kollapse. Eg fikk kjørt meg heilt tom og eg trur ikkje eg hadde meir i meg på slutten der. Eg berre låg på matta i nokre minutt etterpå og såg i taket og satsa på at eg overlevde, avsluttar Tjikkom.

Kasta opp av utmattelse

Prøvelsane var naturleg nok tunge for alle deltakarane, og det kan virke som at lagfølelsen, som landslagssjef Løvstad også såg etter i kandidatane, var på plass, til trass for ens egne usikkerheit rundt deltakelse. Kenneth M Bergh (til venstre i hovudbiletet i topp) gav alt mot slutten, som resulterte i returen av en halv snickers.

– Det er veldig viktig at man gir alt, ikkje berre for seg sjølv, men det er ein sann fellesgreie. Alle pressa seg sjølv, ingen la seg på sida. Då er det ikkje riktig av meg å gi meg. Eg klarer å presse litt til, men etter kvart så sier det berre stopp. Eg åt ein halv snickers før eg gjekk inn der, og den låg akkurat der adamseplet ligg. Så den kom opp til slutt.

Bergh er og samd i det høge nivået på kandidatane:

– Ja, det var kjempehøgt nivå her. Eg synest det er kjempekult at det er så mange flinke i Noreg og så mange som deltok også. Eg har i utgangspunktet ein kamp om seks veke, men eg ville veldig gjerne vere med her og sjå korleis det var.

Dette til tross, ein billett til Las Vegas i Juli 2014 frister.

– Ja, eg har ikkje råd til å reise til Las Vegas! Men det hastar ikkje å gå proff (…) kva skal eg sei? Å stupe uti det. MMA tar lang tid å lære og lang tid å meistre. Det hadde vore kjempegøy om det blir ei bra greie då, om det blir muligheiter til å reise rundt i verda gratis. Dersom det koster noko klarer eg ikkje å være med.

Artikkelen fortsetter under biletet.

Itekst-brei-IMAG0465

Jakob Løvstad (til høgre) snakker med ei av puljene mellom øktene.

Om tvil kan seleksjonen avgjerast via merkekamp

Etter endt tryouts er mange av plassane fylt opp. Mens nokre valg virkar relativt klare for leiinga er andre vanskeligare, men Løvstad er alt i alt svært positiv til nivået.

– Det ser veldig bra ut, det gjer det. Som vanleg så ser det ut som om nokre er spisskompetente, mens andre er meir all-roundarar. Det blir alltid eit spørsmål om vi skal velge nokon med ein spisskompetanse, men som har talent for å utvikle seg på dei områdane som manglar eller om man skal velge all-roundarar. Dette blir eit viktig spørsmål å forholde seg til. Så det er klart at det ikkje alltid er slik at valet er rett frem. Dersom vi står veldig i tvil mellom to personar så kan vi gjere det slik at dei går merkekampar mot kvarandre for å avgjere kven som tek plassen. Då kan dei avgjere det sjølv!

I følge Løvstad blir det to representantar frå kvar vektklasse.

– Vi driver nå eingang med ein sport som medførar skadar av og til og vi vil ha ein vara i kvar einaste klasse. Så når vi går kamper så vil vi at nummer ein og vara skal kjøre opp saman, slik at når kampen kjem, så har vi backup dersom det skjer noko.

Den første prøvelsen for det norske landslaget er mot Irland, ein farleg motstandar der MMA som idrett har et høgt trykk.

Irland først ut

– Det blir veldig rett på. Nå har vi uttak, så har vi merkekampar den 5. oktober, så landskampar den 2. november, så berre fire veke då, og rett ut i landskamp. Vi har planlagt å ha fire landslagssamlingar i året, og dei blir ikkje nødvendigvis lagt opp mot kampane, men vi satsar meir på å ha dei jevnleg. Det blir sikkert ei samling retta opp mot VM.

– Det er noko med å ha jevnlege samlingar der vi har moglegheit til å sjå kor dei har kome og kva som skal skje vidare, gi dei heimelekser og fagleg input og styrkje dei der dei manglar noko.

____________________________________________________________________________________________

MMA-Revyen hører du hver onsdag kl 21. Podcasten slippes rett etter sendingen og er fortsatt enklest å følge i iTunes.
Gi oss gjerne en iTunes Review. Facebook.com/MMARevyen
Podcasten kan du streame under:

Siste podcaster

    Anbefalte artikler