Makspuls til nye høgder

This content has been archived. It may no longer be relevant

Ola Weel Skram står på scena på Gardermoen etter å ha sunge acapella for dommarane. Han er den første som må ta eitt steg fram, og skal få vite om han går vidare eller må reise heim.

—Eg har aldri vore så redd eller hatt så høg puls før, seier Ola.

Det hadde han ingen grunn til, for Ola gjekk vidare og onsdag 27. februar skal musikk- og samfunnsfagstudenten synge for finalebillett til Idol. Å stå på scena er ikkje nytt, men å synge  framfor fleire hundre sjåarar er uvant.

— Å stå åleine på scena, det er mektig, heilt ubeskriveleg.

Lokal dommarkjennskap

Ola er ikkje førstemann i familien som prøvar seg i musikkonkurransen. Syster Eva, kjent frå Eva and the Heartmaker, vart først kjent som Idolfinalist i 2005.

— Eva gir litt tips om det å stå på scena og sjølve songen, men for det meste snakkar vi eigentleg om andre ting.

Både Ola og Eva kjem frå Sogndal, og det gjer også Idol-dommar Tone Damli Aaberge. Slik var det eit kjent ansikt som møtte Ola på første audition.

— Det var betryggande å sjå Tone med eit stort smil på første audition, eg trur ho hadde trua på meg. Men det er tv, og dommarane tar på seg ei maske. Ved dei seinare utveljingane har ho lurt meg mange gonger, men det gjer dei med alle, forklarer Ola.

_IMG0994 Foto: Marie Havnen

Flautt med drama og action

No lurer Ola på kva han skal synge på tv-sendinga onsdag.

— Det er litt krangel med produsentane om kva eg skal velje. Dei vil at eg skal synge “Starlight” med Muse, men eg trur det heller blir “I will wait” med Mumford & Sons. Til sjuande og sist er det eg som bestemmer.

Ikkje alt er like kjekt på Idol.

— Det flauaste er når kameramenna vil ha “drama” eller “actoin” og prøvar å få deg til å seie ting som “Eg skal bli Norges nye Idol”. Det er ikkje heilt meg, og eg vil helst ha fokus på musikken, forklarer studenten.

Satsar på sommarjobb

Kor langt Ola kjem i Idol vil tida vise, men han håpar uansett at deltakinga resulterer i så mange spelejobbar at det kan verte årets sommarjobb.

— Eg har fått nokre allereie, så eg er på veg.

[vimeo 60393506 w=700&h=394]

Video: Christian Emil Narvesen

I fleire år har studenten jobba med ein singel saman med eit tysk plateselskap, og no hastar det å få singelen ut før kontrakta med Idol signerast.

— Forhåpentlegvis kjem singelen i løpet av denne veka, seier songaren.

Studentmorgen kan du høre hver ukedag fra 07.00 til 10.00.

Bilder: Marie Havnen

Anbefalte artikler