Det skal ikkje være så pent, det er unnskylninga vår

This content has been archived. It may no longer be relevant

Om du er ung, og bur på bygda, er det å spele i band ein nokså vanleg hobby. Slik starta Cockroach Agenda, som så mange andre, og sjølv om dei framleis er tenåringar, har desse 4 unge karane frå Fusa fått mykje merksemd, både lokalt og nasjonalt.

Cockroach 2

Gjennombrot på Eggstockfestivalen

Det første gjennombrotet kom nok sumaren 2010, då dei vant Eggstockfestivalen her i Bergen. Dette er ein årleg festival der 24 lokale band kjempar om 1.premien som inneheld musikkvideoinnspeling, promoteringsmidlar og ein konsert på Garage.

Etter dette har bandet hatt fleire prestisjefulle opptredenar, som til dømes Infernofestivalen, og Beyond The Gates, og forrige helg spelte dei også på By:Larm i Oslo, kanskje det mest tydelege teiknet på at dette er eit band å sjå opp for i framtida.

Skrur på eigen lyd

Den 8. Februar spelte dei også på Hulen, saman med to andre lokale band, The Scumbugs og BoneShakers. I den anledning tok eg ein prat med gjengen frå Fusa, og mitt første spørsmål gjekk på korleis desse siste åra hadde vore.

– Ganske roleg, flata ut egentlig…neida, klart det har vore veldig kjekt, og vi har fått mykje gode tilbakemeldingar, spelt mange kule scener og festivalar. Var vel Rockefeller som var det kulaste, folk sto i lang kø når vi gikk inn, så det var mange i publikum, sjølv om vi spelte først den kvelden.

Så langt har bandet berre fått tid til å spele inn ein EP og ein singel, men innspelinga av debutalbumet er i gang.
–Vi fekk eit musikkrom på garasjeloftet, og så var det berre å få kjøpt utstyr å sette i gang. Greit å skru lyd sjøl også, for du veit kva lyd du vil ha.
Cockroach spelar inn
– Og det vert like bra?

– Ja, det skal ikkje vere så pent, det er unnskyldninga vår vis det ikkje blir så bra.

Høyr heile første del av intervjuet med Cockroach Agenda her:
[Audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Intervju-Cockroach-Agenda-del-1-TH-FuzZ1.mp3]

Du får også eit siste innslag frå Kirk Windstein frå Crowbar i Fuzz denne veka, i forbindelse med spalta Episk Øyeblikk. Underteikna snakka med den joviale sørstatsmannen på fjorårets Roskilde, og når han vart spurt om eit øyeblikk han hugsa spesiellt godt frå karriæra, kom han opp med eit minne frå Bergen.

Episk Øyeblikk, Kirk om Metallica:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Kirk-Windstein-Episk1.mp3]

BONUS, Kirk om Golden Gods Award:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Kirk-Windstein-om-Golden-Gods-Award.mp3]

Speleliste:

Nails – In God’s Cold Hands

Blodig Alvor – Vår Resignasjon

High On Fire – Speedwolf

Molior Superum – Towards the Haze

Cockroach Agenda – Undying Sphere

Devourment – legalize Homicide

Metalllica – Damage. Inc

AC4 – Breakout

Schematics for Gravity – Behind Closed Doors

Anbefalte artikler