– Det var aldri en plan å bli “Post-metal”

This content has been archived. It may no longer be relevant

Krakow er eit band som lenge har satt sitt preg på metalscena i Bergen. Lydbilde er variert, men at sjangeren “post-metal”, og band som Mastodon, Neurosis og Isis har påverka dei, er tydeleg. Bassist og vokalist Frode Kilvik nektar heller ikkje for det, men seier at det aldri var nokon plan å spele ein viss sjanger, som til dømes “post-metal”.

– Vi er 4 ulike personar i bandet, og alle kjem frå ulike musikalske bakgrunnar. Lyden Krakow blir til slutt ei samansetting av oss, og det var aldri en plan å bli “post-metal” eller noko slikt, men det var ein naturleg veg for oss å gå. Vi følger kvarandre å lagar musikk vi kan stå 100% for.

Høyr heile intervjuet med Frode frå Krakow her! :
[Audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2012/11/Krakow-intervju-KGI-Fuzz-uten-låt.mp3]

Krakow kom i sptember ut med andreplata “Diin”, og har hausta lovord både i inn og utland. Bandet har tidlegare turnert med Enslaved, og var i haust på Europaturne med Vulture Industries. Spørsmålet om korleis det er å promotere seg sjølv, og komme seg ut av Bergen, vart også adressert i intervjuet.

– Miljøet her er lite, men veldig bra, og vis andre i miljøet likar det du held på med, er jo dei med på å promotere bandet ved å spre ordet. Man må fortsatt henge opp plakatar, det er tøfft, og personleg skulle eg ønske at man kunne gå meir vekk frå nettet, sjølv om du uten tvil når ut til fleire via nettet.

http://youtu.be/ZNL7dgwl8Cg

I tillegg til itervju med Krakow vert det også mykje god, ny musikk, frå band som Neurosis, Black Debbath, og japanske Fastkill. Dette er også siste ordinære sending for semensteret, men om du vil tilbringe jula i selskap med god musikk, vil det gå sendingar i opptak gjennom desember, der vi går gjennom det beste av intervjua og innslaga vi har hatt denne hausten. Fuzz er di rock, punk og metalredning, kvar Onsdag, frå 13-14!

Speleliste:

Mammoth Mammoth – Hells Likely

Fastkill – Die In The Pentagram

High On Fire – Devolution

Neurosis – Rage In Gold

Krakow – Posessed

Black Debbath – Nei til Runkesti på Ekeberg

Kuolemanlaakso – Nostos & Algos

Nine Covens – At The Oceans Strand

Anbefalte artikler