– All children should smoke Marihuana

This content has been archived. It may no longer be relevant

Med eit bandnavn som Weedeater er det vel liten tvil om at denne gjengen er glad i ein blås. Bandet frå North Carolina spelar det som kallast Stoner/Sludge, og er assosiert med seig, tung musikk, med delar av Black Sabbath’s musikk som grunnstein, eit band som også hadde sitt forbruk av diverse substansar.

Under årets Roskildefestival fekk underteikna mulegheita til å snakke med vokalist Dave “Dixie” Collins. Alle har si meining om legalisering av cannabis, marihuana og denslags, men det var som venta liten tvil om kor Dave sto i dette spørsmålet. Praten gjekk sjølvsagt også inn på musikken til bandet, som stort sett er tunge, seige låter, men av og til vert avveksla av akustiske, og av og til country og bluegrass-inspirerte låter.

I tillegg vert det som alltid mykje ny musikk, og Fuzz spelar nye låter frå mellom andre Soundgarden, Corrosion of Conformity og våre nye yndlingar i FIDLAR.

Fuzz er di punk-, rock- og metallredning, kvar onsdag frå 13-14, på Studentradioen i Bergen.

Anbefalte artikler