Fuzz feirar Halloween!

This content has been archived. It may no longer be relevant

Når fuzz faktisk har sending på sjølvaste allehelgensnatt, betre kjent som halloween, vart ikkje valet vanskeleg for kva musikk vi skulle spele. Vi dedikerar ei heil sending til alt som har med skrekk, horror, mord, zombiar, og alt anna som vi assosierar med denne natta.

Rolf sett fokus på skrekk og horrorfilmar, og trekk fram bandet Cathedral, som er blandt banda som faktisk har laga ei låt om ein skrekkfilm, nemleg “Night of The Seagulls” frå 1975.

Torger har lest seg opp på kva som ligg bak det vi i dag kjenner som Halloween, og greiar ut om mellom anna innverknad frå kristne feiringar av helgenar, britiske og irske ritual, og kvar tradisjonen med å lage opplyste graskar kjem frå.

I tillegg får du sjølvsagt ein haug med god rock, metal og punk, relatert til temaet, med band som Alice Cooper, Misfits, og Iron Maiden.

Nokon legg meir i lys en andre under Halloween:

http://youtu.be/G9Stx8BgmgY

Fuzz er di rock, metal og punk-redning, kvar onsdag frå 13-14, på Studenradioen i Bergen

Anbefalte artikler